Verkstadslokaler til leige
Verkstadslokale til leige – med traverskran
Verkstadslokale har eit areal på 9,7 × 25 meter med ei takhøgd på 5,5 meter (breidde × lengd × høgd), og er såleis godt eigna for verksemder med behov for god plass og takhøgd.
Lokalet er utstyrt med ein 2-tonns traverskran, og er eigna for produksjon, montering, lager eller anna verkstaddrift.
Vi avtaler gjerne ei synfaring for interesserte.
For nærare informasjon, ta kontakt med oss.
Uskedalen – ei bygd med gode tilhøve for industri og næring
Uskedalen ligg lunt og vakkert til i Kvinnherad, omkransa av fjell og med fjorden like utanfor. Bygda har eit aktivt lokalsamfunn med dei fasilitetane ein treng i kvardagen, og er samstundes eit godt utgangspunkt for verksemder som er avhengige av sjøen.
Industriplassen til Eidsvik & Selstad Eigedom – tidlegare Eidsvik Skipsbyggeri – ligg sentralt til ved sjøen, med direkte tilgang til kai og 20 tonns tårnkran og 6 tonn på 60 m utligg. Det gjer staden særs godt eigna for verksemder innan maritim industri, verft, transport og logistikk, der gode kai- og hamnetilhøve er avgjerande.
Ein av dei største føremonene er den skjerma plasseringa. Området ligg godt i le, noko som gir trygge og stabile arbeidstilhøve ved kai gjennom heile året – også når veret står på. Kombinasjonen av kaianlegg gode sjøtilhøve og ei lun hamn gjer industriplassen til ein attraktiv stad for etablering og vidare utvikling.
Her møter du eit solid maritimt miljø med lange tradisjonar, og gode moglegheiter for verksemder som ønskjer å vekse i takt med framtida.