Utleige
Næringslokale til leige
Ser du etter gode lokale eller areal til verksemda di?
Vi tilbyr fleksible næringslokale som dekker mange ulike behov – frå kontor og verkstad. Vi har og eit areal på 22 mål med ca 250 m strandlinje under planering med tanke på framtidig sjønært areal med moglegheiter for djupvass kai.
Kontorlokale
Vi har moderne kontorlokale til leige, med god standard og eit godt inneklima. Lokala er eigna for både mindre verksemder og avdelingar med behov for fleksible og representative arbeidsplassar.
Verkstad- og produksjonslokale
Ledig verkstadlokale ca. 250 m2 ( 9,8 m br x 25 m lg ) Takhøgde 5,5 m og 2 Tonns traverskran. Lokalet er godt eigna for produksjon, montering, lager og anna verkstaddrift.
Sjå meir om verkstadslokala her
Kaldtlager
Ledig kaldtlager ca 160 m2 + hems 36 m2
Ta kontakt
Ønskjer du å vite meir om ledige lokale og areal? Vi avtaler gjerne ei synfaring så de kan sjå moglegheitene på staden.
Ta kontakt med oss i dag for ein uforpliktande prat om kva vi kan tilby di verksemd.
Uskedalen – ei bygd med gode tilhøve for industri og næring
Uskedalen ligg lunt og vakkert til i Kvinnherad, omkransa av fjell og med fjorden like utanfor. Bygda har eit aktivt lokalsamfunn med dei fasilitetane ein treng i kvardagen, og er samstundes eit godt utgangspunkt for verksemder som er avhengige av sjøen.
Industriplassen til Eidsvik & Selstad Eigedom – tidlegare Eidsvik Skipsbyggeri – ligg sentralt til ved sjøen, med direkte tilgang til kai og 20 tonns tårnkran og 6 tonn på 60 m utligg. Det gjer staden særs godt eigna for verksemder innan maritim industri, verft, transport og logistikk, der gode kai- og hamnetilhøve er avgjerande.
Ein av dei største føremonene er den skjerma plasseringa. Området ligg godt i le, noko som gir trygge og stabile arbeidstilhøve ved kai gjennom heile året – også når veret står på. Kombinasjonen av kaianlegg gode sjøtilhøve og ei lun hamn gjer industriplassen til ein attraktiv stad for etablering og vidare utvikling.
Her møter du eit solid maritimt miljø med lange tradisjonar, og gode moglegheiter for verksemder som ønskjer å vekse i takt med framtida.