Næringsareal under planering
Næringsareal på 22 mål under planering med 270 m strandlinje og muligheter for djup vass kai.
Sjå plankart for området her
Arbeid med planering av eit sjønært næringsområde rett nord for verftsområdet er godt i gang. Deler av strandlinja på 270 m er godt eigna for bygging av djupvasskai. Næringsområdet er godt eigna for marine og maritime næringar i eit godt skjerma område for vær og vind.
Muligheter for framtidig utnytting av arealet - sjå nedenforståande 3D illustrasjonar for ulike alternativ for bruk av arealet.
Uskedalen – ei bygd med gode tilhøve for industri og næring
Uskedalen ligg lunt og vakkert til i Kvinnherad, omkransa av fjell og med fjorden like utanfor. Bygda har eit aktivt lokalsamfunn med dei fasilitetane ein treng i kvardagen, og er samstundes eit godt utgangspunkt for verksemder som er avhengige av sjøen.
Næringsarealet på 17 mål med hallar, asfaltert uteareal og infrastruktur til Eidsvik & Selstad Eigedom – tidlegare Eidsvik Skipsbyggeri – ligg sentralt til ved sjøen, med direkte tilgang til kai og 20 tonns tårnkran og 6 tonn på 60 m utligg. Det gjer staden særs godt eigna for verksemder innan maritim industri, verft, transport og logistikk, der gode kai- og hamnetilhøve er avgjerande.
Ein av dei største føremonene er den skjerma plasseringa. Området ligg godt i le, noko som gir trygge og stabile arbeidstilhøve ved kai gjennom heile året – også når veret står på. Kombinasjonen av kaianlegg gode sjøtilhøve og ei lun hamn gjer industriplassen til ein attraktiv stad for etablering og vidare utvikling.
Her møter du eit solid maritimt miljø med lange tradisjonar, og gode moglegheiter for verksemder som ønskjer å vekse i takt med framtida.