|
|
Nye Knester skal byggjast i Uskedalen | | | | Eidsvik Skipsbyggeri AS vann oppdraget om bygging og utrustning av den nye Knester. Dette vil vera det største fartøyet som er levert frå skipsbyggeriet nokon sinne.
| | | Nybygget er av NVC-Design utvikla av Rolls-Royce Marine AS – Ship Technology, Fish (Nordvestconsult), Ålesund. Rolls-Royce skal også levere komplett framdriftsanlegg, sidepropellere, ror, styremaskin og alarm/ styringsanlegg. Fartøyet er eit nyutvikla prosjekt der hovudvekt er lagt på optimalisering av fart og diesel forbruk, samt begrensing av støy som igjen medfører betre arbeidsmiljø og komfort om bord. Rolls-Royce Marine AS i Ålesund skal levera alle teikningar og berekningar til fartøyet som får følgjande hovud-dimensjonar:
| | | Lengde over alt 71,10 m Breidde 14,40 m RSW kapasitet 2000 m³
| | | Skroget til nybygget skal byggjast ved eit polsk verft og vil koma til Uskedalen i september 2006 og ferdig skip skal leverast til reiarlaget i februar 2007.
| | | Nybygget er det første fartøyet som blir levert som nybygg frå Eidsvik Skipsbyggeri til ”Ringnotkommunen” Austevoll, sjølv om verftet har spesialisert seg på ringnotfartøy gjennom dei siste åra. Totalt har Eidsvik Skipsbyggeri levert 17 slike fiskefartøy dei siste 13 åra.
| | | Fokus Bank er byggelånsbank for verftet og Nordea finansierer nybygget for reiarlaget.
| | | Fram til skroget kjem til Uskedalen vil verksemda vera engasjert med mekanisk produksjon i verkstaden. For tida har vi full aktivitet med ferdigstilling av trålaren Paula og konstruksjon av fôrsiloar og overbygg til tre fôrflåtar for Alsaker Fjordbruk på Tysnes. Vi har og ein stor ordre på aluminiumsdavitar som vert produsert for Vestdavit AS i Bergen.
| | |  | | Lars Ove Stenevik og Svein Arne Eidsvik |
| | |
|
 |
| | Siste nyhende: | | Siem Pilot overlevert 8.april | | Les meir | (09.06.2010) | | | | Eidsvik inn i offshore-marknaden | | Les meir | (26.06.2007) | | | | Dåp av Knester | | Les meir | (26.06.2007) | | | | Nyhendearkiv |
| | Eidsvik Skipsbyggeri AS
Kompetanseområder: * Skipsbygging * Reparasjonar, ombygging * Vedlikehald * Konstruksjonar i stål og aluminium * Dekkshus, styrehus og mastrar i stål og aluminium * Prefabrikkering av røyr og røyrsystem * Alle typer sveisearbeid
* God hamn * 85 m kailengd * 20 tonns kaikran * 2000m2 innandørs produksjonsareal
Adresse: 5463 Uskedalen, Norway Telefon: +47 53 48 25 00 Telefax: +47 53 48 25 01 E-mail: firmapost@eidsvik.no |
|
|
|